Måndag slapp Ulstein Group nyheita om at dei hadde sikra seg grønt lys frå aksjonærane til eit konvertibelt lån for å styrke økonomien i konsernet. Samstundes stadfestar konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein til Sunnmørsposten at dei ville ha pengane på plass no for å sikre meir jobb.

– Vi sa på generalforsamlinga at, «om dokke er med no, så er dokke med på å gjere oss i stand til å ta på oss spanande kontraktar framover, som vi meiner er fornuftig for selskapet», fortel Gunvor Ulstein.

Nær ny kontrakt?

Etter tre år med underskott meiner leiinga det no er grunn til forsiktig optimisme. Ordreboka ved utgangen av 2017 var på 2,5 milliardar - ei firedobling frå dei 640 millionane som stod er året før.

Og fleire ting tyder på at meir jobb er nær ei offentleggjering.

Ifølgje Vikebladet er Ulstein nær ved å sikre seg ei ny kontrakt. Leiinga vil ikkje stadfeste det konkret, men Tore Ulstein seier følgjande:

– Vi jobbar med fleire prosjekt, nokre veldig store og nokre litt mindre. Vi har ei portefølje med prosjekt, legg han til.

300 mill. i ny kapital

Saman med 150 millionar frå Ulstein-aksjonærane går Innovasjon Norge og DNB inn med eit tilsvarande beløp.

Reint praktisk, vert det ei periode på nokre veker, der aksjonærar i selskapet kan teikne seg for å vere med på lånet.

I tillegg har Ulsmo – som største aksjonær i Ulstein Group-konsernet – garantert for at dei får inn heile summen. Lånet er konvertibelt, som inneber at det kan gjerast om til eigenkapital etter ei periode.

– Det blir spanande å sjå kven som vil vere med. Alle eksisterande aksjonærar har fått dei same mulegheitene. Basert på det vi såg på generalforsamlinga, er mitt inntrykk at mange ønskjer å vere med, seier Tore Ulstein.

Ulstein-søskena fortel at dei var klare i bodskapen til generalforsamlinga; omstillinga tek tid og kostar pengar.

– Vi haldt eit innlegg om kva vi har vore gjennom og kva vi ser der framme. Vi har vore gjennom store omveltingar, og vi såg allereie i 2015 at dette ville vare lengre, enn vi hadde trudd til då, seier Gunvor Ulstein.

Utfordringar i yacht-prosjektet

Gunvor Ulstein legg heller ikkje skjul på at det er krevjande å bygge nye typar skip, då ho svarar på korleis det går med bygginga av X-bow-yachten i dokkhallen hos Ulstein.

– Det er eit utfordrande prosjekt, svarar konsernsjefen:

– Det var samstundes eit av dei første prosjekta vi tok på oss etter den vanskelege perioden då olje- og gassmarknaden fall bort. Det å gå inn i nye segment kostar pengar, og det har vist seg i dette prosjektet. Men poenget er at vi må lære, slik at ein ikkje gjer dei same feila. Det vi lærer her, tek vi med oss inn i nye prosjekt.

Ordknappe om Kleven

Når det gjeld vindskipa Ulstein har levert dei siste åra, påpeiker Tore Ulstein at desse ligg nærare opp til dei «klassiske» offshoreskipa dei har bygd mange av.

– Men det som er utfordringa med vindsegmentet er at det er stor konkurranse på pris fordi det er mange som kan levere slike typar skip, seier Tore Ulstein.

Ulstein-søskena vil ikkje meine så mykje om krisa Kleven er i, men ønskjer  konkurrenten lukke til med å få på plass ei løysing:

– Vi er tilhengarar av lokalt privat eigarskap, men det det viktigaste er å få på plass ei berekraftig løysing for bedrifta, seier Tore Ulstein.

Stor skilnad i type kundar

Tore Ulstein peiker også på eit anna forhold ved å ta seg inn i nye marknader, der konsernet har lært mykje.

– Vi skal ikkje berre bygge andre båtar, men også samvirke med andre typar organisasjonar. Det er ei endring frå det å arbeide saman med offshorereiarlag frå den norske uformelle kystkulturen, til selskap som er vant med å bygge cruiseskip ute i Europa. Eg må innrømme at vi kanskje har undervurdert kor viktig det er for å få til eit godt byggeprosjekt, seier han.

2017-resultatet

Ulstein-konsernet omsette for 1,1 milliard kroner i 2017, betydeleg høgare enn året før, då inntektene stoppa på kring 850 millionar.

– Tapa våre kan delast omtrent i to like delar. Den eine er tap på enkeltprosjekt ved verftet og det andre er at vi ikkje har fått utnytte kapasiteten godt nok, seier Gunvor Ulstein.

Underskott før skatt vart på knappe 360 millionar og av dette var 67 millionar frå ekstraordinære nedskrivingar, mellom anna eigarskap i skip i Blue Ship Invest.