Tvist om trålaren «Molnes»:

Forlik mellom Nordic Wildfish og hydrolyseanlegg-leverandøren Skala

Rettssaka mellom fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish og hydrolyseanlegg-leverandøren Skala er avlyst etter at partane har inngått forlik, melder Nett.no.

Trålar: «Molnes» ved kai i Ålesund. 

Næringsliv

Trålaren «Molnes» har vore omtalt som framtidas fisketrålar. Båten har hydrolyseanlegg for å produsere olje, protein og kalsium av restråstoffet. Men etter to år fungerer anlegget framleis ikkje som det skal, og Nordic Wildfish har halde tilbake delar av oppgjeret.