Alle långivarane gjekk med på å utsette tilbakebetaling av eit lån på 350 millionar kroner til juni 2021, ifølgje Nett.no.

Planen går også ut på at noko av lånet gjerast om til aksjar, at noko blir utløyst til pålydande og ny eigenkapital på 40 millionar. Åge Remøy-selskapet In Nord Vest går også inn med minst 20 millionar.

Åge Remøy vart i fjor haust samde med eigarane i Forland-reiarlaget om å ta over dei to subseaskipa deira. Men långjevarane for dei eine skipet som no har fått namnet Rem Saltire, sette seg på bakbeina.

Etter at dei no har snudd og gått inn for planen, kan Remøy og partnarane hans gå vidare med planen om å overta heile Forland Shipping, skriv næringslivsavisa.