Hurtigruten overtek Kleven-verftet

Kleven-direktør Karsten Sævik kunne måndag opplyse om at konsernet hadde fått på plass ei langsiktig finansiering.

Konsernsjef Karsten Sævik informerte dei tilsette måndag.   Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

– Eg er ekstremt letta i dag og det er godt å få dette landa, sa konsernsjef Karsten Sævik i Kleven til dei tilsette som var samla i kantina.

Løysinga skal ikkje innebere noko form for kutt i talet på tilsette.

Hurtigruten tek over

Løysinga inneberer at det Hurtigruten-eigde selskapet, KVE Holding, overtek Kleven verft AS i Ulsteinvik, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology AS.

Dagens eigarar held fram som eigarar av resten av konsernet, mellom anna drifta av Myklebust-verftet.

– Hurtigruten har eit langsiktig perspektiv. Det har eg også. Eg har trua på verftet og eg har trua på dokke, sa Sævik etter at dei tilsette hadde applaudert nyheita.

Får 600 millionar i ny kapital

Ifølgje Sævik får Kleven tilført opptil 600 millionar i ny kapital som kjem frå både eigarar, bankar og kundar.

– Dette er ei svært god løysing som gir oss ro til å fokusere på å bygge nokre av verdas mest avanserte skip, og rigge Kleven for framtida. Dette sikrar arbeidsplassane ved det som er ei hjørnesteinsbedrift i Ulsteinvik, og svært viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre, seier konsernsjef Sævik i pressemeldinga som vart sendt ut.

Pengane vil ikkje bli overført med ein gong, men bli tilgjengeleg etterkvart som det er behov for dei.

– Skal snu kampen

Kleven har tapt på fleire prosjekt og gått med underskott dei siste åra. Siste sommar var dei på konkursens rand, før nye eigara kom inn. Nyleg vart det kjent at dei to ekspedisjonsskipa verftet bygger for Hurtigruten er kraftig forsinka.

Konsernsjefen tok i bruk fotballterminologien da han fortalte nyheita til dei tilsette, og viste til Hødd sin snuoperasjon i søndagens kamp på Høddvoll.

– Kampen vart snudd og dei fekk trua på seg sjølv. Det skal også vi få til. Denne kampen skal vi vinne, sa Sævik som sette seg i sjefstolen ved verftet for berre nokre veker sidan.

Overgangsfase for Myklebust

Den siste tida har det vore jobba med ny finansiering av selskapet. Sunnmørsposten omtalte 29. mai korleis det har gått føre seg intense forhandlingar om å tilføre Kleven meir pengar – eit knapt år etter at Kleven fekk inn nye eigarar og 300 millionar i ny kapital.

– Myklebust Verft AS vil i ei overgangsfase nytte seg av administrative tenester Kleven Verft AS historisk har utøvd for selskapet. Pågåande prosjekt ved Myklebust Verft vil også framleis ha tilgang på ressursar fra Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS, heiter det i ei pressemelding.

Hurtigruten: – Stort potensiale

– Som oss i Hurtigruten har Kleven ei lang og rik historie. Som oss har dei satsa på kvalitet og nyskaping, og som oss har dei vore gjennom ein stor omstilling. Både som ansvarleg eigar og ansvarleg kunde er det viktig for oss å finne gode, og ikkje minst langsiktige løysingar. Vi ser eit stort potensiale på Kleven, seier Daniel Skjeldam, konsernsjef i Hurtigruten, i pressemeldinga.

Leiar i Sunnmørsposten 1. juni: «Flere av verfta sliter fortsatt i tung sjø»



Kleven på jakt etter friske pengar - yachtprosjekt gjekk i vasken

Verftskonsernet Kleven er på jakt etter friske pengar, mindre enn eitt år etter førre redningsaksjon. Samstundes er eit yachtprosjekt kansellert.

 

– Hurtigruten kan overta Kleven verft

Klevne og Myklebust Verft kan bli skilt ved at Hurtigruten overtek kontrollen med Kleven i Ulsteinvik, skriv Nett.no.

Hurtigruten tar over

Tror Kleven trenger minst 300 millioner

Hovedtillitsvalgt for Fellesforbundet ved Kleven verft, Olav Høydalsvik, tror verftet trenger en tilførsel på minst 300 millioner korner for å ha en sikker drift videre.