Måndag vart det kjent at Hurtigruten overtek Kleven verft og to andre selskap, medan dei lokale eigarane held fram drifta av Myklebust-verftet i Sande.

Konsernsjefen erkjenner at det er eitt visst vemod ved at den lokale eigarskapen ved det meir enn 100 år gamle verftet, no er heilt vekke.

Men i første rekkje var det eit gledesbodskap Sævik slapp til applaus frå dei tilsette.

– Eg er ekstremt letta i dag og det er godt å få dette landa, seier Sævik.

– Utryggleiken er luka vekk

Løysinga skal sikre dei kring 600 arbeidsplassane ved verftet, som i fjor sommar stod på randa av konkurs. I det siste har det gått føre seg intense forhandlingar om å tilføre Kleven meir pengar – eit knapt år etter at dei fekk inn 300 millionar kroner og Hurtigruten-grupperinga som største eigar.

– Dette betyr at vi får ein tryggleik for dei prosjekta som vi er i gong med og at den utryggleiken er luka vekk, seier konsernsjefen.

(saka held fram under)

– No skal vi blø for drakta – også skal vi vinne!

Rosar finansdirektøren

Karsten Sævik går langt i å gi Ola Beinnes Fosse, som er på veg inn i stillinga som finansdirektør ved Kleven, æra for resultatet.

– Ola er den som først og fremst har hatt dialogen og skissert planen som har fått aksept hos bankane. Han har samstundes hatt gode støtte frå organisasjonen, som har fortalt korleis dei ser på prosjekta og kva risiko som ligg i dei, seier Sævik.

Fosse har vore gjennom fleire prosessar med å få slike kriseløysingar på plass. Mellom anna jobba han nyleg saman med Karsten Sævik for å sikre ny finansiering for Kleven-sjefens tidlegare arbeidsgjevar Remøy Group.

I Kleven har det meste skjedd i løpet av dei siste to månadene.

– Det å klare å få på plass ei løysing, av ein slik størrelse på så kort tid, er bra jobba, seier Sævik.

– Ein gjer ikkje ein slik jobb åleine. Det er heile organisasjonen som har vore med, parerer Fosse.

– Spelt med opne kort

Dei siste vekene har vore spesielt hektisk med møteverksemd både her på Sunnmøre og andre stader. Fosse fortel at jobben først og fremst går ut på å skape tillit.

– Vi kjenner litt til korleis bankane tenkjer og kva dei ønskjer. Vi har spelt med opne kort og vist dei eit bilde av korleis ting ser ut, seier Fosse som fortel at han har kjent på ansvaret for arbeidsplassane.

– Alt i alt er vi veldig nøgd. Både for dei tilsette, Ulsteinvik og Sunnmøre meiner vi dette er veldig bra og positivt. Vi får ein sterk finansiell eigar, som tek med seg ein marknad i vekst – som kan gi meir arbeid for Kleven.

(saka held fram under)

Tek over Kleven

Løysinga går ut på at det Hurtigruten-eigde selskapet, KVE Holding, tek over Kleven verft AS i Ulsteinvik, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology AS.

I tillegg bidreg DNB, Nordea, Sparebank 1 SMN og Garantiinstituttet for eksportkreditt. Det gir Kleven tilgang på opptil 600 millionar kroner dei neste åra.

– Det er for å vere budd på det vi trur kjem. Vi ser at kostnadane har vorte høgare enn vi hadde venta, også forsøker vi å vere litt føre var på det som kjem, seier Ola Beinnes Fosse.

Selskapet KVE Holding er eit såkalla hylleselskap oppretta i april, som fekk nytt namn måndag, ifølgje Brønnøysund-registra.