Vil heve ferjeprisen med to takstsoner
Sjøsettinga gjekk strålande og no skal skroget slepast til Norge for utrusting, opplyser Havyard i ei pressemelding.
Ferje nummer to blir sjøsett om ein månad og begge desese ferjene skal være klare til oppstart på Hareid-Sulesund frå 1. januar 2019.
Dette er Havyard sitt første ferjedesign av i alt tolv fartøy som skal leverast til Fjord1 dei neste åra.
Fjord1 tar over to samband - sjekk de nye ferjene Havyard-sjefen meiner det blir ein «skrekkblanda fryd» å bygge ferjer som skal gå i heimtraktene.
Prosjektleiar Erlend Hatleberg ved Havyard Ship Technology seier dei ser fram til å starte utrustinga .
- Tida vi har til å gjennomføre dette prosjektet gir ikkje rom for noen forseinkingar, og vi er svært nøgd med at skroget er levert etter plan. Nå gler vi oss til å få skroget heim og gå i gong med den til nå største ferje- og batteriinstallasjonen vi har hatt, kommenterer han i pressemeldinga.
Dei 111 meter lange ferjene skal ta 120 bilar. Ferjene skal ha heilelektrisk drift på overfarten, men har back-up-løysing for dieseldrift om det skulle oppstå straumstans.
Den nye avtalen til Fjord1-reiarlaget på sambandet Aursnes-Magerholm, startar i 2020.
Alle dei fem ferjene vert utstyrt med «Autocrossing»-systemet som er utvikla av Rolls-Royce Marine i Ålesund.