Sjøsettinga gjekk strålande og no skal skroget slepast til Norge for utrusting, opplyser Havyard i ei pressemelding.

Ferje nummer to blir sjøsett om ein månad og begge desese ferjene skal være klare til oppstart på Hareid-Sulesund frå 1. januar 2019.

Dette er Havyard sitt første ferjedesign av i alt tolv fartøy som skal leverast til Fjord1 dei neste åra.

Prosjektleiar Erlend Hatleberg ved Havyard Ship Technology seier dei ser fram til å starte utrustinga .

- Tida vi har til å gjennomføre dette prosjektet gir ikkje rom for noen forseinkingar, og vi er svært nøgd med at skroget er levert etter plan. Nå gler vi oss til å få skroget heim og gå i gong med den til nå største ferje- og batteriinstallasjonen vi har hatt, kommenterer han i pressemeldinga.

Dei 111 meter lange ferjene skal ta 120 bilar. Ferjene skal ha heilelektrisk drift på overfarten, men har back-up-løysing for dieseldrift om det skulle oppstå straumstans.

Den nye avtalen til Fjord1-reiarlaget på sambandet Aursnes-Magerholm, startar i 2020.

Alle dei fem ferjene vert utstyrt med «Autocrossing»-systemet som er utvikla av Rolls-Royce Marine i Ålesund.