I overkant av ti journalistar frå internasjonal maritim presse er denne veka på sitt årlege besøk til bedrifter i regionen.

Måndag besøkte journalistane klyngeorganisasjonen GCE Maritime Blue, Inmarsat og Vard og onsdag går turen til Rolls-Royce Marine i Ålesund. Tysdag fekk dei mellom anna vite korleis stoda er hos Ulstein Group og fleire av deira leverandørar.

Besøkt Norge sidan 1970-talet

Veteranen Alan Thorpe skriv mellom anna for Ship and Offshore Repair Journal og har besøkt regionen eit 20-tals gonger sidan 1970-talet. Han trur norsk maritim industri også framover vil ha livets rett.

– Både bedrifter som Ulstein og Vard har snudd seg raskt og effektivt. Etter mitt syn har Ulstein Group vore forut for sin tid når det gjeld nyskaping og dei har klart å kome seg inn på nye marknader med ein god balanse i kvart segment, seier han.

Offshore-comeback neste år?

Veteranen er meir optimistisk enn dei fleste i sitt syn på når offshoremarknaden vil ta seg opp igjen.

– Eg trur ikkje det er snakk om tre til fem år slik fleire meiner. Eg trur at vi allereie neste år vil sjå at det skjer langt meir i denne marknaden, sjølv om det ikkje kjem tilbake til dei høgdene ein opplevde for nokre år sidan, seier han.

Thorpe meiner storstilt skraping av oljeserviceskip som no er i opplag, vil vere ei drivande kraft bak ein slik retur, og at det vil vere behov for både mindre PSV-ar og større konstruksjonsskip.

– Eg trur det vil bli ein god marknad ganske snart, til dømes for eit selskap som Ulstein, seier Thorpe.

– Trur det tek lengre tid

Styreleiar Tore Ulstein er ikkje like optimistisk som Thorpe med tanke på eit comeback for offshore.

– La oss håpe at han har rett, men vi trur det tek lengre tid enn eitt år, seier Tore Ulstein om spådomen.

Ulstein peiker på at verftsindustrien i Norge har kapasitet til å bygge båtar for mellom 15 og 20 milliardar kroner. Han trur ikkje nye offshoreskip vil utgjere eit stort nok volum til å ta verfta til slike høgder.

– At det kjem ein båt eller to allereie til neste år, har eg trua på, men det vil ikkje vere nok. Vi må framleis vere i ulike marknader, seier han.

Konsernet har peika ut mindre cruiseskip, vindskip og andre typar passasjerskip (ro-pax, journ. anm.) som dei mest spanande marknadene.

(saka held fram under)

Ikkje overraska over omstilling

Tyske Kathrin Lau jobbar som teknisk journalist og har også vore på besøk i regionen fleire gonger tidlegare.

– Vi ser ei langsam betring med nye kontraktar og industrien er i ferd med å ta seg opp. Men det er ikkje nok til å kompensere for nedturen som har vore, seier Lau.

Ho er ikkje overraska over at den maritime industrien har klart omstillinga, og peiker på at dette er noko som har skjedd med jamne mellomrom opp gjennom historia.

Lau er meir pessimistisk enn sin kollega Thorpe, når det gjeld ein retur i offshoremarknaden.

– Det er svært vanskeleg å seie, men magekjensla mi seier at det kan ta tre til fem år før vi ser eit oppsving, seier Lau.

Trur på overskott

Det har vore stilt spørsmål ved innteninga til dei største skipsbyggjarane. Journalistveteranen Alan Thorpe trur dei større verfta – som har kapra dei fleste nye cruiseoppdraga – vil klare å skape inntekter frå jobben på sikt.

– Denne marknaden er ny og ein vil sjølvsagt møte utfordringar, men mitt inntrykk er at dei allereie ligg godt an, seier Thorpe.

Også Kathrin Lau trur på overskott framover: – Eg trur utsiktene er gode, men om inntektene vil kome opp på same nivå som tidlegare, er eg usikker på, legg ho til.