Torsdag kunne han fortelje at Tussa Kraft AS har sikra seg 49 prosent av aksjane i energiselskapet Istad AS i Molde.

Dette skjer ved at Tussa, som har hovudkontor i Ørsta, kjøper aksjeposten som Statkraft har hatt i Istad – til ein sum begge partane vil halde hemmeleg så lenge som mogleg.

Større einingar

Han meiner det kjøpet dei no gjer er eit forsøk på å unngå at kraftselskapa i Møre og Romsdal blir delt mellom andre utanforståande aktørar.

Tussa har altså sikra seg ein aksjepost på 49 prosent. Men frå før eig dei 24,2 prosent av selskapet Moldekraft AS – som igjen har ein aksjepost på 17 prosent i Istad. Den tredje aksjeposten, på 32 prosent, sit Molde kommune på.

Elling Dybdal er i dag styreleiar i Moldekraft AS. Så indirekte har Tussa no fått god kontroll over Istad.

Kva er det så Tussa har grave djupt i lomma for å sikre seg?

– Istad er eit tradisjonelt energiselskap. Nettdelen er på størrelse med det Tussa Nett var tidlegare. Kraftproduksjonen til Istad er på 196 gwh. Til samanlikning ligg produksjonen til Tussa på 680 GWh, fortel Elling Dybdal.

I februar i år hadde Istad stor feiring i Molde, der dei markerte at bedrifta var 100 år.

Ingen jobbgaranti

– Har dei tilsette i Istad grunn til å vere nervøse etter at Tussa no går inn i selskapet?

– Ikkje meir nervøse enn andre som arbeider i energisektoren. Vi er inne i ei omstillingstid i bransjen. Det er vanskeleg å kome med nokon arbeidsplassgaranti, svarer Dybdal.

Tussa har vore medeigarar i Moldekraft i snart 20 år, og difor kjenner dei godt til Istad:

– Det er eit godt og veldrive selskap, slår Tussa-sjefen fast.

– Har Tussa fleire oppkjøpsplanar, eller er kassa tom?

– Istad-aksjane kosta «pæng», det gjorde dei. Men det var ein pris til å leve med. Per i dag har vi ikkje planar om kjøp i denne kategorien. Men om det kjem ein sjanse, så vil vi vurdere det der og då, og sjå om vi har økonomisk ryggrad, eller om vi må alliere oss med nokon.