Kvamsøy-bedrifta har auka omsetninga stort dei siste åra, men gjekk på eit underskott før skatt på drygt fem millionar i 2016. I fjor kom resultatet tilbake på pluss-sida med halvanna million og inntektene gjekk litt opp til 81 millionar.

(sjå nøkkeltal til høgre - under om du les på mobil, journ. anm.)

– Første halvår i år har vi den største ordrereserven nokon gong. Vi opplever stor pågang på kar til oppdrett, men også andre marknader, fortel salssjef for oppdrett, Dag A. Davik, til Sunnmørsposten.

Det gjeld både kar til drikkevassbasseng og ulike typar industritankar som lagast ved ein av bedriftas fire produksjonslinjer. Dei siste åra har Brimer også kapra fleire store jobbar for lokale selskap som Artec Aqua og Hofseth Aqua.

Bedrifta som lagar tankar, vassbasseng og siloar av glasfiberarmert plast, er også mellom dei første i landet som tilfredsstiller nye lovkrav om landbasert oppdrett.

Frå årsskiftet vart det innført ein ny forskrift som stiller krav til den tekniske standarden både ved sjølve anlegga, men også eigne krav om godkjenning av kar, rør og slangar. Etter ein lengre prosess har Brimer no fullført løpet som krevjast for å følgje denne standarden.