Trålaren er designa av Rolls-Royce Marine og er det fjerde i ein serie slike fartøy som er levert frå Myklebust-verftet i Sande.

– Til helga set Kirkella kurs for fiskefelta og vi ønskjer båt og mannskap hell og lukke, skriv Kleven på si Facebook-side.

Fiskefartøyet med byggenummer 396, er heile 80 meter langt og 16 meter bredt, og har er utstyrt med skrog som skal tole å segle i islagte farvatn.

Myklebust verft har hatt eit hektisk byggeprogram i første halvår. Verftssjef Inge-Jonny Hide fortalde nyleg til Sunnmørsposten at han trudde ettermarknaden ville bli viktigare for verftet framover – men første skal verftet også levere fleire ferjer.