Bedrifta Furene skal flytte aktivitet og tilsette frå avdelinga på Leikong i Herøy, etter at dei har kjøpt eit bygg ved Dragsund industriområde.

Det såkalla Hydrakraft-bygget er på kring 2000 kvadratmeter og har vore eigd av Gjerdrum Eiendom.

Arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene AS hadde i 2017 den høgste omsetnaden nokon gong med drygt 60 millionar kroner. Av dette fekk dei eit overskott før skatt på nær fem millionar.

Furene med 72 tilsette har hovudkontor i Volda, og avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik og Fiskå – i tillegg til Leikong-avdelinga som no vert flytta.

– Med ei sentral plassering og meir moderne lokalar legg vi til rette for vidare  vekst og utvikling også på ytre søre, seier administrerande direktør Eldor Skeide i ei pressmelding i samband med kjøpet av bygget.

(saka held fram under)

Skeide fortel at dei har aukande oppdragsmengde, og at lokala opnar moglegheiter for å sjå på nye forretningsområde. Bygget på Dragsund inneheld mellom anna høghall, som ikkje vil verte teke i bruk med det første. Skeide seier dei er opne for innspel om korleis den kan nyttast, både ved utleige og samarbeid.

Furene leverer mellom anna tenestar som arbeidsretta rehabilitering, men har óg produksjon innan  profilering, trevare, pakking og sørvisoppdrag. Bedrifta er eigd av Norges Handikapforbund, fylkeskommunen og kommunar i regionen.