Det britiske konsernet Maats Tech og Kleven skulle etter planen møtes i Sunnmøre tingrett for å gjere opp om betaling for ei leveranse til kabelleggjaren NKT Victoria.

No er det klart at søksmålet ikkje kjem opp for retten i oktober, etter at partane har blitt samde.

I den såkalla hevingskjennelsen frå tingretten kjem det fram at partane er kome fram til ei minneleg ordning og har eit inngått rettsforlik, opplyser tingrettsdommar Kjetil Gjøen ved Sunnmøre tingrett.

Verken Kleven-direktør Karsten Sævik eller leiinga i Maats svarte tysdag ettermiddag på Sunnmørspostens førespurnader om saka.

Dåverande Kleven-sjef Olav Tanberg opplyste til Sunnmørsposten i mars at striden gjekk på ein større leveranse frå Maats om bord på fartøyet.

(saka held fram under)

Leveranse på kvart milliard

Maats Tech hadde ein omfattande leveranse som ifølgje selskapet sjølv hadde ein verdi på 22 millionar pund – kring 250 millionar kroner med dagens kurs. Dei jobba med prosjektet i drygt to år, etter at kontrakta vart tildelt i 2015.

Oppdraget dreia seg om å levere skreddarsydde karusellar for kablar både på dekk og under dekk. I tillegg leverte dei ulike type dekksmaskineri om bord.

Fartøyet vart døypt i Sverige mai 2017 og kontraktverdien for Kleven vart opplyst å vere minst éin milliard kroner.

Kåra til «Årets skip»

Kabelleggingsfartøyet blei kåra til «Årets Skip» i samband med Nor-Shipping-messa i fjor – den første gongen Kleven kapra prisen. Fartøyet vart omtala som eitt av verdas mest avanserte fartøy for kabellegging med fleire nyvinningar om bord.

Skipet med byggenummer 372 er det første av sitt slag som er bygd ved Kleven. Det 140 meter lange skipet er samstundes mellom dei største verftet har bygd, berre ti meter kortare enn «Edda Freya» som vart bygd for Østensjø-reiarlaget.