Ulstein skal bygge rekordstort kabelskip

Ulstein verft skal bygge det som ligg an til å bli eitt av verdas største skip for legging av kablar.
Næringsliv

Det er tidlegare kjent at Skipsteknisk i Ålesund har sikra seg designarbeidet på skipet som det franske selskapet Nexans skal bygge.

Det har vore spekulert i at kontrakten for bygging ville gå til Ulstein verft,  og onsdag stadfestar kommunikasjonsdirektør Trude Larstad  i Nexans Norway at arbeidet med å bygge skipet går til Ulstein.

– Vi ser fram til eit vellukka samarbeid med Ulstein i tida som kjem, opplyser ho til Sunnmørsposten.

Satsar på norsk utstyr

Det var ein svært nøgd administrerande direktør, Kristian Sætre, og salssjef, Rolf Petter Almli, ved Ulstein verft som kunne fortelje om jobben på ei pressekonferanse på Ulstein onsdag.

– No er vi i engineeringsfasa og det er full trøkk på arbeid med komponentar og kabelleggingsutstyr som skal om bord, seier Almli.

Førebels er det for tidleg å seie kva for andre leverandørar som får jobb med skipet.

– Vi satsar så klart på å halde oppe aktiviteten både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Almli.

(saka held fram under)

Nøgd: Salssjef Rolf Petter Almli (t.v.) og administrerande direktør Kristian Sætre og dei andre tilsette ved Ulstein verft, kunne forsyne seg med «kontraktskake» onsdag.   Foto: Marius Rosbach

Nexans vil avgjere kva for løysingar som blir valt på utstyret til kabellegginga, medan Ulstein avgjer kva for utstyr som kjem om bord når det gjeld til dømes dynamisk posisjonering og framdriftssystem.

Skulle gå til Kroatia

Skipet skulle eigentleg byggjast ved det kroatiske verftet Uljanik, men økonomiske problem skal ha gjort at dette ikkje let seg gjere. Ulstein var med i konkurransen om å bygge skipet for drygt to år sidan, men nådde ikkje heilt opp.

– Heldigvis for oss endra situasjonen seg, og vi kunne kome på bana igjen. Vi var gira på den kontrakten, ikkje minst slik situasjonen var i marknaden, seier Almli.

Skroget vert bygd ved Crist-verftet i Polen og det fysiske arbeidet startar i begynnelsen av 2019. Deretter kjem skroget til Ulsteinvik våren 2020 for utrusting. Skipet skal vere ferdig rundt midten av 2021.  

Eit av dei største frå Ulstein

Skipet vert om lag 150 meter langt og 31 meter breitt – noko som er blant dei største ved verftet nokon gong.

Skipet er berre ti meter kortare enn det største skipet Ulstein har bygd tidlegare - offshoreskipet Island Venture. Nexan-skipet vert også ti meter lengre enn det store kabelskipet, NKT Victoria - som er det største skipet Kleven har bygd.

Kan ta 10.000 tonn kablar

Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar og fiberoptiske kablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. Ein av fordelane med skipet skal vere at det kan legge kablar på store djupner.

Kalbeskipet kan ta om bord kabel på heile 10.000 tonn i tillegg til at det kan ta 450 tonn fiberoptiske kablar. Det har dødvekt på 17 000 tonn, og kan innkvartere 90 personar, ifølgje pressemeldinga som er sendt ut i samband med kontrakten.

Ulstein Group gjekk tidlegare i sommar ut for å hente inn meir kapital som skulle sikra nye oppdrag. Ulstein ønskja å få inn 150 millionar frå eksisterande aksjonærar og Ulsmo – som største aksjonær i Ulstein Group-konsernet –garanterte for at dei fekk inn heile summen. 


 

Kleven unngår rettssak om «Årets skip»

Kleven har inngått forlik i striden om betaling for NKT Victoria.