Skal bygge rekordstort kabelskip:

Ulstein treng minst 50 nye tilsette

Ulstein verft aukar staben kraftig for å handtere komande oppdrag. Onsdag kunne dei offentleggjere eit rekordstort nybygg i ein ny marknad.

Kakefeiring: Salssjef Rolf Petter Almli (t.v.) og administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstein verft kunne servere «kontraktskake» til dei tilsette i samband med at dei skal bygge eit stort kabelskip for Nexans. Utover hausten tek det seg opp med jobb for skipsbyggjarane og frå årsskiftet kjem tre skrog på rekke og rad for utrusting. Det gjer at Ulstein Group må auke staben på fleire område.   Foto: Marius Rosbach

Næringsliv

Ulstein skal bygge rekordstort kabelskip

Ulstein verft skal bygge det som ligg an til å bli eitt av verdas største skip for legging av kablar.

Optimismen er for alvor tilbake i Ulstein-gruppa etter at dei i går kunne fortelje at dei skal bygge eit rekordstort kabelskip for franske Nexans. Denne og andre komande oppdrag gir jobb til langt fleire enn dei som jobbar ved verftet i dag, og dei er allereie i gong med å tilsette nye folk.

– Vi skal utvide vår eigen stab ganske betrakteleg og har allereie tilsette fleire nye, seier administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstein verft.