Torsdag kom avgjerda i tvistesaka mellom fagforeininga Safe og reiarlaget Island Offshore saman med Norges Rederiforbund. Eit fleirtal på fem av sju dommarar i Arbeidsretten gav Safe i all hovudsak medhald for deira syn.

Ifølgje dommen hadde reiarlaget frå Ulsteinvik difor ikkje sakleg grunn til å permittere fleire sjøfolk og må betale dei økonomiske tapa til dei tilsette.

– Vi er naturleg nok skuffa over avgjerda, men dommen gjaldt til slutt ein avgrensa periode og får ikkje store økonomiske konsekvensar for oss, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.

Permitterte fekk jobbtilbod

Bakgrunnen for striden er at skipa Island Frontier og Island Wellserver var ferdige med oppdrag for Statoil i fjor haust. Det gjorde at kring 160 Island Offshore-tilsette som jobba på den såkalla flyteriggavtalen, vart permitterte.

Etterpå fekk dei søke på jobbane som skulle bemanne dei same skipa som då desse skulle i opplag, klassing og vedlikehald. I dei nye jobbane gjaldt ei anna tariffavtale – for oljeservice – med dårlegare løn og anna skiftordning.

(saka held fram under)

Safe meinte det verken var lov å endre tariffavtale, eller å kutta løna – og vann fram i Arbeidsretten.

– Det skulle berre mangle. Vi meiner det er horribelt at reiarlaget permitterte folk på denne måten – også tilsette som dei faktisk hadde bruk for, seier advokat Bernt Hodne i Safe.

Fagforeininga frykta at fleire tusen riggarbeidarar kunne få dårlegare vilkår om reiarlaget og reiarlagsforbundet fekk gjennomslag for sitt syn.

Safe-tillitvald: – Ein måte å sette døra på vidt gap for å rasere tariffavtalen

Klassing er «verksemd»

Hovudspørsmålet for Arbeidsretten vart snevra inn til om Island Wellserver var «i verksemd» etter flyteriggavtalen, då den låg til klassing ved i Stavanger kring ein månad seint om hausten i fjor.

Arbeidsretten svarar ja på spørsmålet og påpeiker at klassinga var ein planlagt aktivitet som skjedde mellom to kontraktperiodar. Reiarlaget tilsette 12 personar med ulike kvalifikasjonar til å bemanne skipet og retten konkluderer at dette var snakk om meir enn «minimumsbemanning», slik reiarlaget og reiarlagsforbundet meinte. Dommen kan ikkje ankast.

– Tap for Norge

Island Offshore-direktør Håvard Ulstein meiner dommen kan få uheldige konsekvensar ved at fleire reiarlag vil velje å segle til utlandet når dei skal til verkstad.

– Vi meiner dette er eit tap for Norge ettersom slike dommar gjerne dannar presedens. Det vil det føre til at vi og andre i likande situasjonar, vil velje å ta skipa ut av Norge. Det betyr tap for norske leverandørar og verkstader, seier Ulstein.

Reiarlagsforbundet sin advokat, Pål Tangen, hadde torsdag berre lest raskt gjennom dommen og ville difor ikkje seie noko om korleis han ser på Arbeidsretten sine vurderingar. Men advokaten delar synet til Håvard Ulstein på konsekvensane.

– Etter vår meining vert det no krevjande for reiarlag som opererer på denne overeinskomsten, å gå til verkstad i Norge om man ikkje er på kontrakt for ein operatør, seier Tangen.

(saka held fram under)

Segla til Sverige

Striden mellom Safe og reiarlaget gjaldt i utgangspunktet begge dei to Island-skipa, over ein lengre periode. Men reiarlaget la skipa i opplag i Uddevalla i Sverige i desember 2017.

Det gjorde at fartøya gjekk ut av norske kontinentalsokkelen og ikkje lengre høyrde innunder den omstridde avtalen.

Håvard Ulstein seier manglande kaiplass i nærområdet var årsaka til at dei gjekk til Sverige, og ikkje vart liggande på Hareidlandet slik dei først hadde planar om.