Etter å ha testa ut «The Ulstein Blue Box» om bord på forsyningsskipet Rem Hrist, har Remøy Shipping bestemt seg for å installere nyvinninga på to nye skip, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding.

Erfaringa etter å ha eitt års bruk om bord på PSV-en, viser at dei sparte ti prosent drivstoff med det nye produktet frå Ulstein Group. Løysinga gjer at ein lang rekke data vert tilgjengelig via ei nettsky, både frå land og frå brua om bord på skipa. Desse vert analysert og kan gi skipperen raske råd om korleis han kan operere skipet meir optimalt.

– Frå systema kan vi ta ut mykje informasjon som kan nyttast til rapporteringa vår. Nær alle rapportar gjer nytte av informasjonen frå skya. Vi kan nytte informasjonen til miljøvurderingar, drivstoffrapportering og mykje meir. Ikkje minst gjer tilgang til data, at mannskapet får frigjort tid til å konsentrere seg om å segle smartare og tryggare, seier teknisk sjef André Søvik i Remøy Shipping.

Reiarlaget har jobba saman selskapet Recogni med å utvikle ein «best practice»-database som nyttast i deira arbeid.