Sparer drivstoff med ny løysing frå Ulstein

I løpet av eitt år brukte Remøy Shipping ti prosent mindre drivstoff takka vere ein «smartboks» frå Ulstein.

Kjem på fleire skip: Remøy Shipping vil ha «The Ulstein Blue Box» om bor dpå to nye skip, i tillegg til Rem Hrist. Løysinga kan nyttast om bord på alle typar skip og saman med utstyr frå ulike leverandørar. Arkivbilde  

Næringsliv

Etter å ha testa ut «The Ulstein Blue Box» om bord på forsyningsskipet Rem Hrist, har Remøy Shipping bestemt seg for å installere nyvinninga på to nye skip, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding.

Erfaringa etter å ha eitt års bruk om bord på PSV-en, viser at dei sparte ti prosent drivstoff med det nye produktet frå Ulstein Group. Løysinga gjer at ein lang rekke data vert tilgjengelig via ei nettsky, både frå land og frå brua om bord på skipa. Desse vert analysert og kan gi skipperen raske råd om korleis han kan operere skipet meir optimalt.

– Frå systema kan vi ta ut mykje informasjon som kan nyttast til rapporteringa vår. Nær alle rapportar gjer nytte av informasjonen frå skya. Vi kan nytte informasjonen til miljøvurderingar, drivstoffrapportering og mykje meir. Ikkje minst gjer tilgang til data, at mannskapet får frigjort tid til å konsentrere seg om å segle smartare og tryggare, seier teknisk sjef André Søvik i Remøy Shipping.

Reiarlaget har jobba saman selskapet Recogni med å utvikle ein «best practice»-database som nyttast i deira arbeid.


Remøy-reiarlag i mål med kriseløysing

Remøy Group er i mål med ei ny finansiering for konsernet som skal sikre selskapet arbeidsro dei neste åra.

 

Skal bygge rekordstort kabelskip:

Ulstein treng minst 50 nye tilsette

Ulstein verft aukar staben kraftig for å handtere komande oppdrag. Onsdag kunne dei offentleggjere eit rekordstort nybygg i ein ny marknad.