– Folk har også vore veldig spent på korleis det går med arbeidsplassane her.

Men kva ho skal meine om at det er Kongsberg som har kjøpt, det er ho ikkje sikker på.

– Det er veldig kjekt at det vart ein norsk eigar, i alle fall. Då blir overskotet og profitten verande i landet, seier ho.

To andre seier at dei er glad for at det ikkje blir ein eigar i Kina. Den kinesiske ekspansjonismen mange stader i verda er eg skeptisk til, seier ein.

Eit samla sal

Tillitsvalt: Kyrre Aasen Rogne er klubbleiar i Fellesforbundet i Rolls-Royce på Longva. Han er mest glad for at det har blitt eit samla oppkjøp. Foto: Per OVe Stige

Klubbleiar i Fellesforbundet på Longva, Kyrre Aasen Rogne, er mest glad for at det vart eit samla sal. At det er ein norsk eigar betyr mindre, trur han.

Fredag morgon er han på veg ut i ferie då Sunnmørsposten kjem på besøk.

– Eg visste jo at ting var i gjære, men eg visste ingenting om oppkjøpet før børsmeldinga i dag tidleg, seier Rogne.

Han omtaler Rolls-Royce som ein god og ryddig eigar utan at det har vore store kontroversar. Om den nye eigaren, Kongsberg Gruppen, seier han dette:

– Vi utfyller kvarandre. Nokre gonger har vi brukt deira produkt i pakkar vi har levert. Men vi veit eigentleg ingenting om kva strategiar dei har med sine produkt, seier Rogne.

Ei viss overlapping

Plassjef Tommas Brugrand stadfester at det er ei viss overlapping mellom det Rolls-Royce Marine gjer på Longva og det Kongsberg Gruppen gjer.

Det er overlapping på eit automasjonsanlegg, og på dynamisk posisjonering av skip. Men dette er ikkje to like, understrekar han.

Plassjef: Tommas Brugrand (t.h.) er plassjef på Longva. I fjor investerte dei i ein robot som klargjer elektriske skap før installering av komponentar. Her saman med Morten Solheim. Arkiv Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Det stemmer, men det er ikkje noko som bekymrar meg akkurat no. Dette er noko vi må sjå på framover, og det er også store moglegheiter til å styrke desse produkta når vi blir eitt firma.

På spørsmål frå Sunnmørsposten utdjupar han:

– Det er ulike klassifiseringar og segment, og vi har også kome ulikt i utviklinga. Det finst fordelar i begge leirar, og saman kan vi styrke posisjonen vår internasjonalt, seier Brugrand.