Bilde teke søndag formiddag viser korleis det smekre fartøyet vart teke ut av dokka i Ulsteinvik ved hjelp av eit par slepebåtar.

No skal yachten ligg til kai for det vidare arbeidet til august, då det er planlagt levering, opplyser kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim ved Ulstein Group til Sunnmørsposten.

– Vi kan bekrefta at båten er dokka ut ifølgje planen og no stå det att ferdigstilling ved kai, opplyser Solheim.

Luksusyachten er det første fartøyet Ulstein leverer i denne marknaden, medan Kleven tidlegare har levert to yachtar til newzealendaren Graeme Hart.

Heldt hemmeleg

Det er ikkje kjent kven som skal ha den nær 90 meter lange yachten, men det skal vere snakk om ein privatperson. Skipet vert det første av sitt slag med den prisvinnande X-bow-designen.

Difor har det også vore strenge retningslinjer ved verftet om ikkje å ta bilde av fartøyet.

Under offentleggjeringa av kontrakten på det rekordstore kabelskipet til Ulstein førre veke, spøkte verfts-direktør Kristian Sætre med at eit glimt i auget at dei skulle «kamuflere» yachten som eit anna type skip med eit dekke. Det var tydeleg ikkje alvor.

No når skipet er teke ut i «offentlegheita» er det naturleg nok fritt fram å sjå på nyvinninga.

(saka held fram under)

Utfordrande jobb

Konsernsjef Gunvor Ulstein har ikkje lagt skjul på at det har vore ein utfordrande jobb.

– Det var samstundes eit av dei første prosjekta vi tok på oss etter den vanskelege perioden då olje- og gassmarknaden fall bort. Det å gå inn i nye segment kostar pengar, og det har vist seg i dette prosjektet. Men poenget er at vi må lære, slik at ein ikkje gjer dei same feila. Det vi lærer her, tek vi med oss inn i nye prosjekt, sa Ulstein til Sunnmørsposten tidleg i juni.

Leveringa er noko forsinka ifølgje det som først vart opplyst den gong kontrakten vart kjent hausten 2016. Sunnmørsposten kjenner ikkje til kva som er årsaka til dette.

Ville ha X-bow

Verftsdirektør Kristian Sætre har fortalt at kunden ønska den karakteristiske X-bow-en frå Ulstein.

Sjå video: Høyr verftsdirektøren fortelle om kontrakta

Den «marine plattforma» og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Medan eksteriørdesign og andre teikningar, skal leverast av den kjende yacht-designaren Espen Øino. Han er kjend for å teikne båtar for verdas rikaste, og har òg samarbeida med Rolls-Royce med dei nye hurtigruteskipa som byggast ved Kleven.