Kapra sjuårskontrakt etter at Titanic-ekspedisjon gjekk i vasken

Reiarlaget Island Offshore melder om nytt arbeid verdt kring ein halv milliard kroner.

Fekk ny jobb: Island Pride er 103 meter langt og 21 meter breitt og har fritt dekksareal på 880 kvadratmeter. Skipet har djupvasskran og to fjernstyrte undervassfarkostar.  Foto: Island Offshore

Næringsliv

Island Offshore melder at dei har sikra seg eit oppdrag på heile sju år for Ocean Infinity. Det er konstruksjonsfartøyet Island Pride som skal vere støttefartøy for det britisk-baserte selskapet, mellom anna ved innhenting og analyse av data om frå autonome farkostar.