Ulstein-yacht har fått namn – sjå bilde og video

Den snart ferdige yachten som er under bygging ved Ulstein verft skal heite Olivia O.
Næringsliv

Sjå bilda av X-bow-yachten frå Ulstein

Luksusyacht på nær 90 meter til kai i Ulsteinvik.

Ved kaia utfor dokkhallen til Ulstein verft ligg luksusyachten som er under utrustning og snart skal vidare for siste finish i Tyskland.  No er namnet «Olivia O» kome på skutesida.

Sjølv om den ikkje er heilt ferdig, er yachten allereie eit imponerande skue. Det nær 90 meter og drygt 16 meter breie fartøyet vert den første yachten frå Ulstein.