Nogva Motorfabrikk i Søvika leverte rekordsterkt resultat for fjoråret, ifølgje Nett.no.

Omsetninga enda på 354 millionar og overskottet før skatt vart på heile 49 millionar kroner.

– Vi har hatt vekst gjennom heile perioden som har vore problematisk for dei fleste i maritim klynge, seier administrerande direktør Kjell Norvoll til næringslivsavisa.

Bedrifta leverer gir, propellar og motorar og Norvoll seier veksten siste året kjem frå leveransar til oppdrett og vekst i eksporten. Nogva Motorfabrikk ble etablert i 1913 og kjøpte seg i fjor inn i Heimdal Propulsion i Molde.