Primus motor for gondolbana i Stryn, Richard Grov, flyr høgt etter at Loen Skylift held fram med sterke besøkstal i den første heile sesongen.

Før helgetrafikken tok til, vart det registrert 65.000 besøkande så langt i år. Talet er nøyaktig det same initiativtakarane håpa på – for heile året – den gong dei planla reiselivssatsinga. Og enno står om lag halve sesongen att.

– Vi er både audmjuke og stolte av resultata vi klarer å legge på bordet, seier Richard Grov til Sunnmørsposten.

Kanskje er det ikkje så rart at han ikkje lengre er så oppteken av kva tal dei budsjetterer med. Alle tal har vorte overgått så langt – men han meiner 120.000 bør vere innan rekkevidd.

Musklar til å utvikling

Grov er meir oppteken av kva ringverknader og grunnlag for vidare satsing gondolbana gir.

– Det var dette vi håpa på: At vi skulle starte ein motor i reiselivet som kunne vere med utvikle destinasjonen. Vi ser no konturane av eit selskap som har musklar til å ta økonomiske investeringar i området rundt oss. Sånn sett har vi overoppfylt draumane vi hadde, medgir Grov.

Økonomien har også gått så det susar. I fjor kunne selskapet sjå tilbake på eit betydeleg overskott, driftsmargin på meir enn 40 prosent – og sju millionar i utbytte til aksjonærar.

Overraska over luftakrobatar

Grov seier noko av utfordringa i starten var å kommunisere at Loen Skylift skulle bli eit heilårsanlegg med ulike typar gjestar og fleire bein å stå på. Nye tilbod har utvikla seg undervegs, og nokre av dei har overraska.

– Enkelte typar besøk har overraska oss, som til dømes alle dei som «flyr» i lufta. Dei er veldig mange og dei har nytta ulike delar av anlegget til å kaste seg utfor. Men etter at vi hadde ei ulukke, bestemte vi oss for å bygge opp terrenget og lage ei rampe slik at det vart tryggare og dei får bra fråspark. Resultatet, Hoven Air Ramp, opna for berre få dagar sidan, sier han.

I vinter vart det populært å ake ned frå fjellet og mange har nytta seg av turstiane på toppen. Grov lovar at dei ikkje har tenkt til å «sitte med hendene i fanget» og vil halde fram med å utvikle området.

Mange lokale gjestar

Dei fleste besøkande er familiar og individuelle reisande som bur på Hotel Alexandra – der Grov er direktør – eller andre overnattingsplassar. Mange kjem frå regionen:

– Det er veldig kjekt for oss å registrere, seier Grov.

Cruiseturistar kjem på andreplass, men det er stor skilnad i kjøpekrafta. Eit skip med nokre få hundre velståande turistar, er betre business enn fleire tusen reisande som knapt går i land.

Sjølv om cruisetrafikken framleis vil vere viktig, trur Grov såkalla «overlandsturar» vil vekse seg større.

– Den marknaden utviklar seg raskt og eg trur det vil bli eit mykje større ganske kjapt. Det er gjerne turoperatørar frå det europeiske kontinentet, som arrangerer 14-dagars bussturar der dei legg turen innom dei støre clüstera som Flåm, bergensområdet og lengre nordover, fortel Grov.

(saka held fram under)

Gir ikkje ved dørene

Merksemda har vore stor i sosiale media og «skyliften» har vore omtala i artiklar over heile verda. Som følgje av suksessen er det mange som vil høyre om erfaringane til Loen-destinasjonen. Grov seier alle er velkomne på besøk, men at dei ikkje gir ved dørene.

– Vi har lært ting på vår måte og kvar enkelt må finne ut kva som passar for deira prosjekt. Eg har ikkje direkte avvist nokon, men eg seier gjerne at «beklagar, det er ikkje så mykje informasjon å få», seier han.

Grov seier likevel at det viktigaste for å lukkast er «den genuine opplevinga»:

– Om du gjer den jobben skikkeleg, så vert resultatet fornøgde gjestar – og det er produktet vårt, seier Grov.