Han forklarer at verftet har konkrete prosjekt i kikerten som kan gje mykje godt arbeid.

– Men uansett kjem det til å bli eit tomrom på nybyggingssida i 2019. Difor kan vi ikkje sjå bort ifrå permitteringar ein periode, legg han til.

Verftet har 120 fast tilsette. For tida har verftet to plug-in hybrid-ferjer under bygging for Fosen Namsos Sjø.

Desse skal leverast ut på seinhausten i år. Deretter er det tomt i ordreboka, fortel Hide.

Verftet i Sande skilde nyleg lag med Kleven-systemet, og skal no stå på eigne bein.