Rekordår og generasjonsskifte ved Aas Mek Verksted

Fjoråret gav det største overskottet nokon gong for Aas Mek Verksted. Samstundes er 4. generasjon skipsbyggarar i ferd med å ta over.

Utvidar: Aas Mek Verksted har investert betydeleg i anlegget på Vestnes dei siste åra. I desse dagar er dei i ferd med å utvide kaia for å ta i mot lengre fartøy.  Foto: Aas Mek Verksted

Næringsliv

Bygging av brønnbåtar har vore ein suksess for Aas Mek Verkstad og tysdag kunne dei gå ut med ei ny kontrakt. Brønnbåt nummer 61 skal leverast til reiarlaget Kerko Seatrans i 2020.