Trafikkselskapet la onsdag fram kvartalstal som viser at inntektene første halvår enda på drygt 1,5 milliardar – ei auke på nær 140 millionar samanlikna med fjoråret. Oppstart av tre nye samband er årsaka til at omsetninga har gått opp i år.

Innteninga i halvåret gjekk ned noko frå rekordåret 2017, og resultatet før skatt vart 303 millionar, går det fram av børsmeldinga.

Inntektene for 2. kvartal enda på 772 millionar (709 mill. i 2017) og resultatet før skatt for perioden vart 165 millionar kroner (181 mill. i 2017).

Skifte på fleire ferjesamband

Selskapet driftar no sju av dei ti største ferjesambanda i landet. Frå årsskiftet tek dei over ferjene i Sulapakken, medan Norled har kapra Festøya-Solavågen-ruta frå 2020.

Dei to reiarlaga var også mellom dei fire som nyleg leverte tilbod om å drifta Romsdalspakken, med mellom anna Molde-Vestnes-ferjene.

– Det er samtidig stor aktivitet på anbodssida. Fjord1 har delteke i fleire store anbod så langt i år, og fleire store anbodsprosessar vil kome i løpet av hausten, seier administrerande direktør Dagnfinn Neteland i ei pressmelding.

(saka held fram under)

Fleire nye ferjer

Fjord1 er inne i ei periode med bygging av fleire nye elektriske ferjer og i løpet av 2. kvartal fekk dei levert tre nye ferjer MF Møkstrafjord, MF Horgefjord og MF Husavik.

Mot slutten av året ventar dei å få levert fem nye ferjer. I 2. kvartal vart det óg signert kontrakt med Tersan i Tyrkia om bygging av nok ei ferje som kan ta opptil 120 bilar.

(saka held fram under)

Tap på passasjerbåtar

Ferjetrafikk er det klart viktigaste forretningsområde for selskapet, men dei driftar også hurtigbåt- og turistbåtruter i tillegg til cateringfirmaet Ferdamat.

Alle verksemdene tente pengar første halvår, unntatt passasjerbåtdrifta som enda med eit tap på to millionar. Dette gjeld samband i Sogn og Fjordane.

Fjord1 kunne i kvartalet også innkassere utbyte på 17 millionar for eigarskapen i WF Holding – selskapet som eig flyselskapet Widerøe.

Turistbåtselskapet The Fjords - der Fjord1 eigd halvparten  - bestilte i løpet av kvartalet ein ny passasjerbåt som skal leverast andre kvartal neste år. Også dette fartøyet skal byggjast ved Brødrene Aa i Nordfjord, som tidlegare har levert Vision of the Fjords og Future of the Fjords.

(saka held fram under)

Solid utbytte

Fjord1-investeringa har så langt vist seg å vere god butikk for Sævik-familien i Herøy. I løpet av kvartalet fekk aksjonærane utbetalt utbytte på 270 millionar kroner.