Tener pengar på alt - unntatt passasjerbåtar:

Fjord1-inntektene auker på nytt etter rekordår

Oppstart av nye ferjeruter gjer at inntektene til Fjord1 peiker opp etter første halvår.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland og styremedlem og eigar Per Sævik. Arkivfoto. 

Næringsliv

Trafikkselskapet la onsdag fram kvartalstal som viser at inntektene første halvår enda på drygt 1,5 milliardar – ei auke på nær 140 millionar samanlikna med fjoråret. Oppstart av tre nye samband er årsaka til at omsetninga har gått opp i år.