Den staselege yachten med namnet «Olivia O» la frå kaia i Ulsteinvik torsdag. Etter å ha segla ut Breisundet, sette den kursen sørover.

Ifølgje AIS-sporinga på fartøyet er yachten fredag på veg til Valetta på Malta. Skipet segler under flagget til Caymanøyane.

Ukjent eigar

Kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim ved Ulstein Group stadfestar at overlevering skjedde torsdag.

– Alt fint. Kunder ønskjer ikkje merksemd kring skipet og det respekterer vi, opplyser ho i ein e-post til Sunnmørsposten.

Det er framleis ikkje kjend kven som har bestilt båten, utover at det skal vere ein privat reiar.

Første yacht frå Ulstein

Det nær 90 meter og drygt 16 meter breie fartøyet vert den første yachten frå Ulstein. Skipet vart dokka ut i juli etter å ha vore til utrusting.

Leveringa er noko forsinka ifølgje det som først vart opplyst den gong kontrakten vart kjent hausten 2016.

Den «marine plattforma» og skroglinjene er utvikla av Ulstein Design & Solutions. Medan eksteriørdesign og andre teikningar, skal leverast av den anerkjende yacht-designaren Espen Øino.