Rekneskapskontoret Hasund AS i Ulsteinvik tek over Ålesund-firmaet Bedriftsrådgiveren.

Med 21 tilsette vert selskapet mellom dei største økonomikontora på Sunnmøre. Hasund har gjort ei verksemdoverdraging der fire tilsette og kundane følgjer med. Dei har også teke over kontorlokale i Storgata.

– Helge Rogne har utvikla Bedriftsrådgiveren i over 30 år, og etablert ein solid profil med ei kundemasse som passer godt vår utviklingsplan, seier Asbjørn Hasund som er gründer og dagleg leiar i Hasund, i ei pressemelding.

Ulstein-firmaet har mange kundar i maritim bransje som har hatt krevjande år, men Hasund meiner det no ser lysare ut. Eit av hovudområda for Bedriftsrådgiveren har vore tenester til fiskeri, eit område Hasund gler seg til å lære meir om.

Til saman har dei to selskapa hatt ein omsetnad på drygt 20 millionar dei siste åra og begge har hatt positive driftsresultat.