Det nye selskapet vil ha hovudkontor i Ulsteinvik  og bestå av nær hundre tilsette med ei forventa omsetnad på kring 150 millionar årleg.

Entec vil vere ein betydeleg aktør innan vann- og avløpsbehandling, tanksystem og maritime røyrinstallasjonar, ifølgje ei pressemelding sendt ut måndag.

Det nye selskapet vil vere eigar av dei to fusjonerte selskapa. Ifølgje pressemeldinga vil aksjonærane bygge ein større aktør i sine kjernemarknader og selskapet har ambisjonar om vekst.

Framleis Brimer-sjef

Noverande Brimer-sjef, Håvard Haanes, vert konsernsjef i selskapet og fortel i pressemeldinga at bakgrunnen for samanslåinga er eit ønskje om å kunne ta ansvar for større del av prosjekter, enn selskapa kan gjere kvar for seg.

Kenneth Langvatn held fram som administrerande direktør i Servitech og Håvard Haanes skal framleis vere Brimer-direktør, saman med konsernsjefstillinga.

Kvamsøya og Sjøholt

Brimer har laga kar- og tankar i kompositt på Kvamsøya i Sande i meir enn 40 år.

Sunnmørsposten omtala i sommar korleis bedrifta var tilbake på pluss-sida i rekneskapen med ei rekordstor ordrebok.

Servitech starta opp i 2012 og held til på Sjøholt i Ørskog. Deira hovudområde har vore røyrinstallasjonar for kunder i verftsklynga og resultata har vore gode dei siste åra. Omsetnaden har auka år for år, samstundes som det er levert solide overskott.