Tore Roppen startar nytt selskap

Tore Roppen frå den gong han jobba i Kleven. No startar han opp eit nytt selskap. Arkivbilde  Foto: Johan Behrentz

Næringsliv

Tidlegare innkjøp- og produksjonssjef Tore Roppen ved Kleven går inn i automatiseringsbransjen med selskapet Prodtex, ifølgje næringslivsavisa Nett.no.

Frå oktober vil Roppen og fem andre tilsette vere i gong med å tilby digitale konstruksjonsteikningar og utvikling, eventuelt overvaking av fjernstyrte automatiserte produksjonsceller.

Selskapet skal halde til i Ulsteinvik sentrum med Roppen som dagleg leiar. Svenske Prodtex vert også med på eigarsida, saman med dei tilsette.


Ny prislapp på fjordkryssing:

Rovdefjordsambandet fekk hjelp frå Kleven til å kutte kostnadar

Ved å bygge flytebru i stål framfor betong, kan ein spare kring 100 millionar ved kryssing av Rovdefjorden, ifølgje ny rapport

 

Kleven-robotar kan bygge bru

Kleven verft har fått tilsegn om statleg støtte til eit større utviklingsprosjekt der robotar skal sveise brudekket til flytebruer.