Nytt bytte av toppsjef ved Kleven verft

Kort tid etter at ein ny verftsdirektør sette seg i stolen, skiftar styret toppsjef igjen.

Olav Nakken tek over som administrerande direktør i Kleven Verft.  Foto: Kleven

Næringsliv

Olav Nakken (54) vert ny administrerande direktør ved Kleven Verft.

Årsaka til at styret vil skifte ut Karsten Sævik, vert forklart slik:

- Styret ynskjer ei tettare oppfylging av verftet, og ynskjer difor ein administrerande direktør som vi har hatt ein lengre relasjon til og jobba med over tid, uttalar styreleiar Ørjan Svanevik i ei pressemelding måndag.

Karsten Sævik vart tilsett i vinter etter at mangeårig direktør Ståle Rasmussen slutta i fjor.


Styret vil ha ny Kleven-sjef få månader etter Karsten Sævik starta i jobben:

– Det kom som eit sjokk

Karsten Sævik fekk berre vere Kleven-sjef i nokre månader, før styret ved verftet valde ein ny toppsjef frå Hurtigruten.


Frå Hurtigruten

Olav Nakken har det siste året vore prosjektdirektør for Hurtigruten sin nybyggorganisasjon.

Måndag vart han presentert på eit allmøte ved verftet.

Les fleire saker om Kleven her

54-åringen er utdanna skipsingeniør frå NTNU og har over 25 års erfaring innan maritim sektor i inn- og utland, spesielt innan bygging av passasjer- og cruiseskip. Den nye Kleven-direktøren har blant anna vore ansvarleg for klassifiseringsverksemda av nybygde cruise- og passasjerskip i Det norske veritas (DNV), og har leia drifta av fire verft i Aker Yards.

(saka held fram under)


Årets klyngeanalyse: – Bunnen er nådd og bedriftene venter ny vekst

2018 ser ut til å bli året da den maritime klyngen igjen får vind i seilene. Det er konklusjonen i årets klyngeanalyse fra Menon.

 

Søker om å bygge skip for fire milliarder kroner:

Lokal banksjef: – Når det er aktivitet i disse næringene, så fungerer ting for både rørleggeren og snekkeren også

Lokal banksjef mener ny statlig låneordning er viktig for å skape aktivitet hos verftene.


– Store moglegheiter

Kleven byggjer for tida to ekspedisjonscruiseskip for Hurtigruten, som gjekk tok over verftet i sommar.

– Kleven har ein heilt spesiell posisjon, med ein kombinasjon av stolte tradisjonar, moderne teknologi og unik kompetanse. Eg kjenner både verftet og organisasjonen, og ser kor store moglegheiter som finnast for å sikre verftet meir arbeid i åra framover, seier Nakken i pressemeldinga.

Skipsbyggjarkonsernet har slitt med dårlige økonomiske resultat dei siste åra. I tillegg har ekspedisjonsskipa til Hurtigruten vorte forsinka.


NHH-professor Ola Honningdal Grytten om Kleven-løysinga:

– Eit tankekors at dei lokale eigarane er heilt ute

Den kjende økonomiprofessoren meiner Kleven Verft har sikra seg ein god avtale, men stiller samstundes spørsmål ved Hurtigruten sine langsiktige intensjonar.

 

Kleven-sjefen gir ny finansdirektør mykje ære for kriseløysinga

Konsernsjef Karsten Sævik rosar sin nye finansdirektør Ola Beinnes Fosse og gir han mykje av æra for kriseløysinga som Kleven har fått på plass.