MMC leverer fabrikk til Remøybuen

Herøy-båten Remøybuen får levert frysemaskineri og produksjonsfabrikk frå MMC First Process.

Frå venstre: Salsleiar Kjell-Peder Overvåg i MMC First Process, reiar Hans Remøy, salsleiar Arve Breivik i MMC First Process og skipper og medeigar Vegard Kvalsvik.  

Næringsliv

Fosnavåg-baserte MMC First Process har sikra seg jobben med å levere fryseri og produksjonsfabrikk om bord i den nye kystfiskebåten Remøybuen, ifølgje ei pressemelding frå selskapet måndag.

Herøy-reiarane har tinga ein ny snurrevadsbåt frå Vard Aukra, til ein prislapp på kring 60 millionar. Remøybuen skal vere 29,7 meter lang og fabrikken er spesiallaga for å passe om bord. Fartøyet skal vere leveringsklart mot slutten av neste år.


Vard skal bygge fiskebåt for Remøybuen i Herøy

Skal bygge kombinert autoline- og snurrevadsbåten.

For å halde kvaliteten på fisken best mogleg vil den kome inn til sløyefabrikken i sjøtempererert vatn  og rett til tre frysarar med ein kapasitet på 15-18 tonn i døgnet.

Dagleg leiar Hans Remøy peiker på gode erfaringar frå tidlegare leveransar og gode produkt som avgjerande for valet av leverandør.

– Ein anna viktig faktor for oss, er at dei er lokale. Vi er lokalpatriotar, så det å støtte nærmiljøet er svært viktig for oss, så langt det er mogleg, seier han i ei pressemelding.

Havyard-selskapet MMC First Process har 143 tilsette og har no ei ordrebok på kring ein halv milliard, opplyser selskapet.


Rekordkontrakt til MMC First Process

MMC First Process, med hovedkontor i Fosnavåg, har inngått kontrakt for levering av en stor fiskehåndteringspakke til en ny brønnbåt.

 

Bygger industribygg på Digernes

MMC First Process, som er leverandørbedrift til fiskeindustri, samlokaliserer og bygger nytt på Digernes.

Remøybuen skal vere klar til levering mot slutten av 2019. Illustrasjon: Gunnar Flusund