Sævik-familien med hotellsatsing

Havila startar eige hotellselskap.

Dagleg leiar Günther Dahler i hotellsatsinga, saman med styreleiar Hege Sævik Rabben.  Foto: Terje Engås

Næringsliv

Havila Holding aukar satsinga på reiseliv og startar selskapet Havila Hotels, melder Nett.no. Günther Dahler som mellom anna har vore hotelldirektør i Fosnavåg, skal gå inn i rolla som dagleg leiar.

Holdingselskapet til Per Sævik og familien eig frå før Hotel Ivar Aasen i Ørsta og Hotel Raftevold i Hornindal, som no vert samla i det nye selskapet. Det vert også vurdert å legge inn delar av eigarskapen i Thon Hotels Fosnavåg i nysatsinga. Havila Holding bygg også nytt hotell i Torshavn på Færøyane.

Dahler seier til næringslivsavisa at dei er nøgd med at dei har kapra fleire individuelle reisande til Ørsta-hotellet, og at dei ser på moglegheitene til å nytte hotellhagen og Hornindalsvatnet ved Raftevold.


Havila Holding har kjøpt First Hotel Raftevold i Hornindal

Turisme er den nye olja

Havila har i mange år vore stor innan offshore. No er det turisme som freistar. Onsdag kjøpte dei nok eit hotell, First Hotel Raftevold i Hornindal.

 

Tre av fire med minus

Tre av fire hotell med minus i Ørsta-Volda

Tre av fire av hotella i Ørsta-Volda gjekk med underskot i fjor.



First Hotel Raftevold i Hornindal:

Sævik kjøper hotellet i Hornindal

Sævik-familien i Fosnavåg blir nye eigarar av First Hotel Raftevold i Hornindal. Det vart opplyst på ein pressekonferanse onsdag.

 

Tallene fra 2017 er klare:

Havila Holding AS med sitt beste resultat noensinne

Med et årsoverskudd på 2,073 milliarder etter skatt kan Sævik-familien se seg fornøyd med årsresultatet for 2017.