Lene Trude Solheim blir ein del av konsernleiinga:

Får utvida rolle i Ulstein Group

Frå 1. november går Lene Trude Solheim over i ei ny, utvida rolle i konsernet.

SKIFTAR JOBB: Lene Trude Solheim, organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group.  Foto: ULSTEIN GROUP

Næringsliv

(Vikebladet): Solheim blir no organisasjons- og kommunikasjonsdirektør i Ulstein Group. Det kjem fram i ei pressemelding frå konsernet torsdag morgon.

Med det blir ho ein del av konsernleiinga og skal ha ansvar for kommunikasjon og branding som tidlegare - men ho vil også mellom anna ha det overordna ansvaret for organisasjonsutvikling og informasjonstryggleik i konsernet. 

– Vi er svært glade for at Lene Trude Solheim vil ta på seg ei ny og utvida rolle for Ulstein. Ho har over 20 års erfaring frå arbeid i Ulstein Group og tidlegare Rolls-Royce. Ho kjenner den maritime næringa og Ulstein svært godt, og har også nyleg fullført mastergrad innan digital kommunikasjon, organisasjonsutvikling og leiing, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Denne saka vart først publisert på vikebladet.no