Design nummer tre fra Ulstein til amerikansk reiarlag

Amerikanske Sunstone skal ha ei ny design og utstyrspakke frå Ulstein Group.
Næringsliv

Reiarlaget har tidlegare tinga ni opsjonar på design til ein serie ekspedisjonscruiseskip. Dette vert den andre opsjonen som vert erklært, og dermed skal det byggjast til saman tre skip ved det kinesiske CMHI-verftet. Ulstein sin kontrakt er med verftet.

Visekonsernsjef Tore Ulstein seier i ei pressemelding onsdag, at han er overtydd om at Sunstone vil klare å realisere alle dei ti skipa i Infinity-serien.

Det knappe 105 meter lange skipet skal stå klart i mars 2021, og vil få namnet Ocean Victory. Det første av desse skipa skal stå klart neste sommar og skal segle på oppdrag for australske Aurora Cruises. X-bow-skipet kan segle i islagte farvatn og vil ha plass til kring 200 passasjerar  og eit mannskap på 100.


Ulstein Group med cruise-kontrakter

Kan bety milliard-inntekter

Har fått kontrakt med kinesisk reiarlag.

Fikk finansiering for cruiseskip som skal bygges på Ulstein

Amerikansk cruiseselskap fikk sin første GIEK-garanti.

Verftskonferanse i Ålesund:

Botten advarer Ulstein mot kineserne

Aps Else-May Botten advarer Ulstein mot salg av designpakker til Kina.

Ulstein med fire x-bow-salg til nye cruiseskip

Minst fire nye ekspedisjons-cruiseskip vil ha Ulstein X-bow.