Droneselskap frå Sykkylven kan vinne gjev teknologipris

Griff Aviation er mellom dei som kan vinne det som vert omtala som den viktigaste teknologiprisen i Norge, Norwegian Tech Award.

Produksjonslokalet: I desse lokala ved Vikøyra i Sykkylven lagar Griff Aviation store dronar. Frå venstre bak: Leif Johan Holand og Kenneth Fjukstad. På huk frå venstre: Anders Hellebostad og Andreas Zumbrunnen. Heilt til høgre: Christian Hellebustad. Arkivbilde  Foto: Nils Harald Ånstad

Næringsliv

Droneselskapet er ein av seks nominerte til hovudprisen som vert delt ut i Oslo 28. november.

Under ein festmiddag ved Oslo Militære samfunn i Oslo skal dei nominerte presentere seg for juryen og publikum, før juryen tar ei endeleg avgjerd. Dei andre nominerte er Nel Asa, Zivid, Airthings, NSM og Seabox, ifølgje heimesidene til arrangøren.

Griff Aviation lagar dronar som kan klare løft på fleire hundre kilo. Målet er at desse kan nyttast til oppdrag som forsyning offshore, post- og pakkefordeling, og innan landbruk og militære formål.

Selskapet hadde tidlegare i år 14 tilsette og rekna med å tilsette fleire når produksjonen kom i gong for alvor.

Les meir om selskapet i desse artiklane:

Griff Aviation med forskningsprosjekt til 16 millioner kroner:

Droner skal sikre logistikken offshore

– Maksløftet for en drone er 75 kilo i lufta. Den neste dronen kan løfte 200 kilo, forteller Leif Johan Holand i Griff Aviation.