Gir jobb til nær 1000 personar og mange lokale leverandørar

Arbeidet med å utruste Color Hybrid-ferja på Ulstein gir jobb til fleire.

Brunvoll-leveranse: Marianne Moen Tverberg er prosjektleiar i Brunvoll. Bedrifta har ein av dei største leveransane på ferja til Color Line som vert bygd ved Ulstein verft.  Foto: Marius Simensen

Næringsliv

Nyleg kom skroget til verdas største hybridferje til Ulstein verft og torsdag hadde Ulstein Group invitert samarbeidspartnarar og leverandørar for å markere starten på arbeidet med å utruste skipet.