Mariehamn Kystfiske:

Ny fiskeri-gaselle satsar for 35 millionar kroner på båt

For første gong er Mariehamn Kystfiske as inne på «Gaselle-lista». Markus og Kjartan Andre Nygård har investert for 35 millionar, jobbar 12-timarsdagar, og lovar enda betre resultat neste år.

Fiskeri-gaselle: Kjartan Andre (t.v.) og Markus Nygård i Mariehamn Kystfiske as har gjort det godt med fiskeri, og kjøp og sal av båtar. Her med fiskebåten «Emma» ved kai i Midsund, like før avreise nordover for sildefiske. 

Næringsliv

(RBnett:) MIDSUND: – Det er jo artig å komme på Gaselle-lista. Men det er ikkje det vi er mest opptekne av. No gjeld det å få gjort alt klart, seier brørne Markus (26) og Kjartan Andre (24) Nygård, skipper og styrmann på «Emma». Det er travle tider for midsundfiskarane, som no er på veg nordover for å fiske sild ved Kvænangen.