Annonserer nytt vindmølleskip

Havyard byggjer eit nytt vindmølleskip, som er deira åttande design av denne typen skip.

Skipet: Havyard kunngjer sitt åttande design for vindmølleskip. – Det er veksande interesse for offshore vindteknologi, seier Gisle Vinjevoll Trane i Havyard Design & Solutions.  Foto: Havyard

Næringsliv

Det danske rederiet Esvagt har bestilt det nye skipet, som vert levert første kvartal 2021. Skipet skal i arbeid for vindrkaftselskapet MHI Vestas og operere i havmølleparken Moray East i britisk sektor.

Det opplyser Havyard Group i ei pressemelding.


Havyard-kontrakt på ytterligere to vindmølleskip

Havyard Design & Solution og Havyard Ship Technology skal bygge og designe to nye vindmølleskip for Esvagt-rederiet.

– Det er ei veksande interesse for offshore vindteknologi både i Europa og i resten av verda. Vindparkane vert bygd stadig lenger frå kysten og behovet for spesialskip aukar, seier Gisle Vinjevoll Thrane, salsansvarleg i Havyard Design & Solutions, i meldinga.

Havyard var blant dei flrste med spesialbygde skip til offshore vindmølleparker og har dei siste åra følgt opp med ei rekkje av både design og bygging av vindmølleskip.

– Gjennom samarbeidet med Havyard har vi utvikla skip som gjev våre oppgdragsgjevarar sikre, innovative og efefktive tenester, seier Deputy Chief Exceutive Offices i Esvagt, Kristian Ole Jakobsen.