Herøy-reiarlag kapra tre nye langtidskontraktar

Remøy Shipping får forlenga oppdrag med Equinor for tre forsyningsskip.

  Foto: Remøy Shipping

Næringsliv

Herøy-reiarlaget melder at Equinor har stadfesta at dei vil nytte seg av opsjonane og ha tre skip i arbeid i tre nye år kvar.

Remøy Shipping-direktør Karl-Johan Bakken er stolt og glad for kontraktane. Til reiarlaget si heimeside seier han at dei gir solid grunnlag i ein framleis krevjande marknad og sikrar viktige arbeidsplassar under norsk flagg.

Kontraktane som startar neste vår, gjeld PSV-ane Rem Eir, Rem Hrist og Rem Mist.

Alle skipa vert bygd om og får installert ei batteripakke om bord som gjer at skipa kan nytte hybrid framdrift. Tidlegare har reiarlaget satt i verk eit digitalt prosjekt for å effektivisere forbruket av drivstoff.

(saka held fram under)

Mener pressa rederier er «handlingslamma»

Remøy Shipping-direktør Karl-Johan Bakken var ikke optimistisk når det gjaldt utsiktene for flere av rederiene som er mest pressa økonomisk.

 

Rem Offshore går i mot marknadstrendane: Vekst i vanskelege tider

Det har vore eit veldig aktivt år for Rem Offshore, og dei kan vise til vekst både på land og til sjøs.


Reiarlaget har til saman 15 skip i flåten. Remøy Shipping kom i sommar i mål med ei ny finansiering av reiarlaget. Det er Karl-Johan Bakken som no leiar selskapet etter at han slutta i Farstad i fjor.


Konjunkturbarometer:

Bankekspertenes analyse av næringslivet: Rekordår for fisk – fortsatt rød lys for offshore

Optimismen er tilbake hos bedriftene i Møre og Romsdal, og fiskeri og oppdrett er vinnerne. Verst stilt er det i offshore, mens maritim industri er på vei tilbake.

 

Remøy-reiarlag i mål med kriseløysing

Remøy Group er i mål med ei ny finansiering for konsernet som skal sikre selskapet arbeidsro dei neste åra.