Ulsteinvikar kjøper Kongsberg Evotec

Kongsberg Gruppen sel Kongsberg Evotec. Kjøpar er investeringsselskapet til Jogeir Romestrand.
Næringsliv

Det melde Kongsberg Gruppen i ei pressemelding tysdag ettermiddag. Årsaka til salet er at Kongsberg Gruppen må innfri myndighetskrav etter kjøpet Rolls-Royce Commercial Marine i fjor. Dette for å sikre konkurranse i marknaden for dekksutstyr til seismikkfartøy, heiter det i pressemeldinga.

Kjøpar er investeringsselskapet Rome, eigd av Jogeir Romestrand frå Ulsteinvik. Den tidlegare Odim-sjefen allereie medeigar i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions, som ifølgje nett.no har utvikla eit nytt system for utlegging og innhenting av noder, saman med Kongsberg Evotec.