Breivik Mek. verkstad på Godøya har meir enn dobla omsetnad og tilsette dei tre siste åra

Skjerpar knivar og konkurransen i filetproduksjonen

Med nyutvikla filetmaskin får Breivik Mek. verkstad på Godøya pengane til å yngle både hos seg sjølv og kundane.

GRÜNDER: Ken Breivik (til høgre) er gründer, eigar og dagleg leiar av verksemda på Godøya som produserer den viktige lenka, filetmaskinene, i ein filetfabrikk. Han har god hjelp av Ronny Basso (til venstre), som er blitt ein erfaren 3D-teiknar og elles bidreg med smarte løysingar. Verksemda har 30 tilsette, ei dobling av arbeidsstokken dei tre siste åra.  Foto: Johan Behrentz

Næringsliv

– Vi har vidareført og modernisert den gamle skjeremaskinen, slik at kundane får større utnytting av råstoffet sitt, seier dagleg leiar, Ken Breivik, til Sunnmørsposten.