Solid årsresultat for Sparebank1 Søre Sunnmøre

Sparebanken melder om eit årsresultat på 112 millionar kroner før skatt, det er fem millionar meir enn året før.

Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, avbilda under pressekonferanse mandag føremiddag. Til venstre sit Olaf Eskeland, banksjef økonomi og finans.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Næringsliv

Det skriv Sparebank1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding måndag morgon.

- I ei periode der vi har investert i effektivisering og omstilling, og har hatt ekstraordinære kostnader knytta til dette, er det gledeleg å konstatere at vi har lagt bak oss eit godt år. Vi har klare målsetningar om å bli ein kostnadseffektiv bank med inntektsvekst og låge tap. Tala for 2018 viser at vi er på god veg, noko som kjem både eigenkapitalbeviseigarane og lokalsamfunnet til gode, seier adm. direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Sparebanken melder også om ein utlånsvekst på 8 prosent dei siste 12 månadane.

Saka blir oppdatert.