Investorgruppe vil satse på lukka merd

Inge Huse, Glen Bradley og Larsnes Mek er blant investorane som går inn i Fosnavåg-selskapet Marad.

Kappløp: Det er mange forslag til teknologi som skal løyse oppdrettsnæringa sine berekraft-utfordringar. Marad Norway frå Herøy har eitt av dei, med sitt konsept «Torus Seafarms». Selskapet er i dag eigd av Aasmund Torvik, Bjørn Ove Endresen og Geir Kvalsund Sandnes. Illustrasjon: Marad Norway 

Næringsliv

Herøy-selskapet Marad Norway AS meiner dei har eit konsept for oppdrett av atlantisk laks i flytande, lukka og semi-lukka merder. I fjor haust søkte dei Fiskeridirektoratet om tildeling av to utviklingskonsesjonar for å kunne designe, bygge og setje dette i drift. No håper dei på et positivt svar i løpet av nokre veker.

For å førebu seg på dette, har selskapet avtalt ein retta emisjon mot industrielle investorar på Nordvestlandet, heiter det i ei pressemelding. Desse investorane vil tilføre Marad Norway AS nødvendig kompetanse innanfor oppdrett, vasskvalitet i lukka system, reinsing av vatn i akvakultursystem og maritim kompetanse innanfor design, konstruksjon, bygging og forankring av store einingar.