Framleis krevjande for Olympic Subsea

Selskapet rapporterer framleis om ein krevjande marknad og flat inntektsutvikling i fjerde kvartal, og for 2018 som heilheit.

Olympic Commander. Illustrasjonsfoto  Foto: Staale Wattø

Næringsliv

– Men resultatet før av- og nedskrivingar viser positiv utvikling, skriv selskapet i ei pressemelding, same dag som årsmeldinga og resultatet for 2018 er klar.

For fjerde kvartal 2018 rapporterer konsernet Olympic Subsea ASA om inntekter på 127 millionar kroner, opp frå 112 året før.

– Det har som forventa vore ein sesongmessig svak marknad med lågare aktivitet, skriv selskapet i rapporten.

For heile 2018 melder selskapet om:

  • Inntekter på MNOK 562 (MNOK 573).
  • Driftskostnader før avskrivingar på MNOK 401 (MNOK 448).
  • Driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) på MNOK 161 (MNOK 124).

Etter avskrivingar og nedskrivingar og finansutgifter ender rekneskapen på eit resultat før skatt på -158 millionar kroner.

Reindyrkar fornybar- og subseaaktør

  Foto: Nils Harald Ånstad

– Konsernet står no fram som ein reindyrka fornybar- og subsea-aktør, og er godt posisjonert for å utnytte framtidig marknadsvekst, skriv selskapet.

– Heile tanken bak restruktureringa i februar 2017 var akkurat dette; å etablere eit framtidsretta og reindyrka reiarlag innan fornybar og subsea. Utviklinga har bevist at dette var ei framsynt og riktig avgjerd, seier hovudleiar Stig Remøy.

Som ein del av restruktureringa av konserknet, vart selskapet Olympic Subsea ASA etablert vinteren 2017 som eit reindyrka subsea- og fornybar-konsern, og tok over 11 skip frå Olympic Ship AS.

PSV- og AHTS-skip ut av rekneskapen

Olympic Subsea ASa tok ikkje over PSV- og AHTS-skipa, men har likevel stått som formell eigar av skipa, og har saman med bankane handtert drifta. Men selskapet har ikkje garantert for forpliktingar og den økonomisk situasjonen for skipa.

Som følge av avgrensingane i avtalen, er det no vurdert at Olympic Subsea ASA ikkje utøver tilstrekkeleg kontroll over desse skipa (OSV-segmentet) til at dei skal vere med i rekneskapen.

– I fjerde kvartal blei det vurdert at OSV-segmentet ikkje lenger skal konsoliderast i rekneskapen, og Olympic Subsea synleggjerast enno meir tydeleg som det blue-energy-selskapet vi planla, seier Remøy.

Dei viktigaste rekneskapseffektane av denne endringa per 31.12.2018 er:

  • Bokført verdi skip er redusert med MNOK 650
  • Pantsett likviditet i PSV og AHTS på MNOK 82 takast ut
  • Bokført eigenkapital aukar med MNOK 130
  • Lang- og kortsiktig gjeld er redusert med MNOK 870

– I samarbeid med bankane arbeider Olympic Subsea med ulike løysingar for desse skipa, inkludert moglegheiter for sal og for å konvertere gjeld til eigekapital. Uavhengig av dette utgjer dei no ikkje ein del av Olympic sin rekneskap, seier Remøy.

– Gjennom restruktureringa og etableringa av Olympic Subsea ASA har konsernet fått avklart sin finansielle horisont fram mot 202, seier Remøy.

Som seier at selskapet ligg framfor skjema fram mot 2021 på drift, noko som ein er godt nøgd med i lys av at marknaden framleis er krevjande.

– I 2019 ser vi gode utsikter for ny marknadsvekst som vi ventar å kunne utnytte betre enn konkurrentane våre, seier Remøy.

Ved utgangen av 2018 var 9 av selskapet sine 11 fornybar- og subseafartøy i aktivitet, medan 2 var i opplag.


Olympic sel offshoreskip bygd i Brattvåg

Reiarlaget Olympic-reiarlaget har selt forsyningsskipet Olympic Princess.



Olympic i minus - tror på bedring etter kursendring

Herøy-rederiet leverte en kvartalsrapport med nye tap, men tror på bedring etter å ha rendyrket flåten