Rent Nordvest blir selt til Breeze:

18 arbeidsplassar berga

Drifta ved vaskeribedrifta på Stranda vil halde fram etter at Breeze AS har kjøpt Rent Nordvest.

Breeze nordvest: Dei tilsette ved verksemda på Stranda er svært glade for at det endeleg er avklart at dei får behalde arbeidsplassane sine.  Foto: Privat

Næringsliv

Dermed er 18 tilsette sikra arbeid i verksemda, som vaskar klede til institusjonar og reiselivsbedrifter frå Kristiansund i nord til Førde i Sør.