Meir aktivitet enn på lenge ved Ulstein Verft

Ved Ulstein Verft er det fullt køyr igjen, og ordreboka held verftet med arbeid utover i 2021. Vi tok oss ein prat med verftsdirektør Kristian Sætre.
Næringsliv

(Vikebladet Vestposten) Når ein passerer bommen inn til den store parkeringsplassen til Ulstein Verft er det heilt tydeleg at det er mange tilsette i sving for tida. For å finne seg ein parkeringsplass må ein leite litt ekstra etter om ein kjem dit midt på dag.