Norsk Sjømat produserer ørret, laks og kvitfisk til heile verda

Produserer over 60 millionar fiskemiddagar frå Stranda

Lakseprodukt frå Stranda hamnar på middagsbord i over 40 land. Årsproduksjonen ved Norsk Sjømat er nok til 60 millionar porsjonar.
Næringsliv

– Fisk som mat har eit stort potensial, og vi legg stor vekt på å gjere det så lett som mogleg for kundane å lage seg gode og næringsrike måltid. Det er ei utfordring å få yngre folk til å velje fisk framfor pasta og pizza, seier dagleg leiar Per Magne Grøndahl til Sunnmørsposten. Saman med Bjarte Tunold kjøpte han verksemda frå tidlegare Panfish i 2003.